Velkomen til årsmøte i Sogn og Fjordane Ungdomslag med Haugen Ungdomslag som vertskap 1. mars fra klokka 11.00
I samband med årsmøte skipar vi også til inspirasjonssamling inspirert av regionssamlingane som har vore tidlegare år. Ein av våre oppgåver som Fylkeslag er å lyfte fram og inspirere våre lokallag, soleis vert årsmøte også ei påskjønning til dykk som gjere noko ekstra gjennom dugnaden i dykkar lokalsamfunn.
Programmet er fletta i hop med postar vi trur kan treffe alle lokallag godt samtidig som det treff fokusområda Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) jobbar ekstra med. Arbeid med Bunad for å gjere lærdom gjennom kurs tilgjengeleg er døme på dette. Eller at vi er i startgropa etter styret har valgt å opprette leiknemd for å styrka dans som aktivitet.
Vi har fått med oss to lokallag som skal halde innlegg, Haugen Ungdomslag som er vertskap denne dagen skal fortelje litt om sitt arbeid i laget, og med mest fokus på leikarringen, som også skal underholde med dans. Fjærland Ungdomslag er eigar av den siste aktivitetsprisen SOFUL delte ut, fra dei vil de få høyre om aktivitetar som smalahovefest, lokale filmsnutter og produksjon av nakenkalendar!
Med inspirasjon fra dykkar eigne lokallagsvener i bakhovudet skal de vidare få lytte til mor og stiftar av Sunnivas Minnefond, ei søknadsordning retta mot inkluderande aktivitet for barn og ungdom.
Mange av dykk merkar at det er utfordrande å rekruttere ungdom til å delta med styrearbeid. Vi vil at våre ungdomslag skal oppdage og søkje om plass i programmet «Unge Eldsjeler» som vert arrangert i Sogn og Fjordane.
Generalsekretær i Noregs Ungdomslag kjem for å fortelje om bunadsarbeid i våre lokale krinsar. Har de tenkt på at de kan ha bunadskafè, eller eit lite kurs i korleis veve beunadsband? Dette er aktivitetar som er på full fart inn att som hobbyar og interesse for å tilegne seg kunnskap om handverk.
Huset i Bygda er eitt av SOFUL sine viktigaste prosjekt. Med raus støtte fra Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i år også vil i fortelje litt om våre to søknadsordningar.
Grunna matservering ynskjer vi at de melder dykk på her :
https://event.checkin.no/106052/aarsmoete-og-inspirasjonssamling

