Invitasjon til fagdag med Fundatum og Studieforbundet Kultur og Tradisjon 8. mars!

Studieforbundet Kultur og Tradisjon sentralt og Studieforbundet Kultur og Tradisjon Vestland inviterer alle medlemslag i Vestland til fagdag i Bergen med Tor Abild fra Fundatum. På plakaten har vi laga plass til inspirasjon, gruppearbeid, aktive føredrag med opne diskusjonar i rommet, spørsmål og svar undervegs, pauseservering og småprat, samt ein god lunchpause.

Program:

Kl. 09.30 Registrering opnar

Kl. 10.00 Velkomen

Kl. 10.05 Motivasjon – eigen og andre sin

Nokon ventar på at motivasjonen skal kome til dei, vi trur du bør gå ut og finne den. Vi tar deg gjennom funna i ei omfattande undersøking om kjelder til motivasjon og viser deg kvar du kan finne dine kjelder – eller bedre forstå korleis dei rundt deg fungerer.

Kl. 12.30 Lunch

13.15 Gruppedynamikk – korleis arbeide saman som team

Vi ser nærare på personlighetstypar og kva som skal til for at ein skal kunne samhandle godt med sine omgjevnader. 

15.00 Vel heim

Adresse: Thon Hotell Rosenkrantz Bergen. Rosenkrantzgaten 7, 5003 BERGEN.            

Møterom: Bryggen

Påmeldingsfrist: 20. Februar!

Berre 30 plassar, fyrstemann til mølla!

Meld deg på her: 

https://event.checkin.no/105747/fagdag-med-fundatum-og-studieforbundet-kultur-og-tradisjon

Fagdagen er gratis. Om ein er påmeldt og ikkje møter sender vi faktura for kostnad med matbestilling.

Om de treng overnatting i samband med fagdagen må dykk tinge stad og betale for det sjølv.

Fagsamlinga er sponsa av Sparebankstiftelsen DNB 

Velkomen skal du vere!

Meld frå om aktivitetar i laget ditt

Ungdomslag?