Døme på tilskot til lokallag

Her er nokre døme på kva ein kan søke tilskot/få midlar frå gjennom Noregs Ungdomslag.

Tala er frå 2019:

  • Lag kan søke studieforbundet kultur og tradisjon om kursstøtte. Døme på dette er teater/revyframsyningar (eller noko heilt anna). Maks utbetaling pr. primærkurs er 19 600,- Dette forutsett at de har dokumenterte utgifter som til svarar minst tilskotet.
  • Læringsverkstad (kurs uten lærer/studiering uten lærer) flatt tilskudd kr 500,- (uavhengig av timetallet og uten krav om dokumentasjon av utgifter)
  • I tillegg sette NU i 2019  av 200 000 til prosjekttilskot på teater. Dette har dei siste åra vore fordelt likt på dei laga som har søkt. I 2019 vart det kr. om lag 7 000,- på kvart lag som søkte.
  • Frifondmidlar: Alle medlemslag som har meir enn 5 medlemmer under 26 år, får etter søknad frifondmidlar. I 2019 ga NU eit grunntilskot på kr 4 000 per lag samt eit variabelt tilskot per medlem under 26 år. (I 2020 blir det truleg kr 313,- slik at eit lag med 5 medlemmer under 26 år mottek til saman kr 5 565,- i tilskot til barne- og ungdomsaktiviteten i laget.
  • De kan òg søke om oppstartstilskot på kr. 4 000,- for lag som har mindre enn fem medlemmar under 26, men som ønskjer å starte tiltak for denne aldersgruppa.
  • Når det gjelder ungdomsaktivitetar, så kan de, søke Frifondmidlar til t.d. revy/teateroppsetjingar eller klubbaktivitetar. Kravet her er at 2/3 av deltakarane er under 26 år.
  • Kompetanseheving: T.d. Instruktørstøtte (sjå www.ungdomslag.no/aktivitet/opplaering-og-kurs/)
  • Rabattar på forsikring, forbruksmateriell og inventar mm.

Meld frå om aktivitetar i laget ditt

Ungdomslag?