GÅVEMIDLAR HUSET I BYGDA/SPAREBANKSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE FOR 2026.

FRIST FOR ORDINÆR ORDNINGER 15. APRIL: GENERELLE BYGNINGSMESSIG TILTAK

FRIST FOR TEMAORDNING ER 15. MAI: I ÅR ER DET KJØKKEN OG TOALETTROM

Huset i Bygda får gåvemidlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Desse midlane går til ulike bygningsmessige tiltak på organisasjonseigde kulturhus (ungdomshus, grendahus, samfunnshus, bedehus osv.).

Kravet for å søke om tilskot er at husa er opne for ålmenne kulturaktivitetar og at husa ikkje er eigd  av offentlige institusjonar. Dersom eit grendalag disponerer t.d. kommunalt hus, har langvarig leigeavtale som inneberer at laget må dekke alle vedlikehaldskostnadar er det likevel mogleg å søke om tilskot.

Ordinær ordning med frist 15. april:

I denne ordninga kan de søkja om midlar til dykkar bygningsmessige prosjekt som omhandlar alt utvendig og innvendig arbeid med huset. Inkluderer ikkje lausøyre, park og hageanlegg.

NB! Det er eigen temaordning og søknadsfrist 15. mai for dykk som skal søkja støtte til kjøken og toalettrom. 

Temaordning med frist 15. mai:

Her kan du kun søkja midlar til kjøken og toalettrom. Det kan vere enkle grep, oppussing som totalrenovering av desse romtypane. Merk dykk at vi ikkje støttar med midlar til lausøyre.

Info ved søknadsbeløp: 

Ein kan søkja om inntil 50% av prosjektet sin totale kostnad.

Vetekter:

Om du har sendt inn vedtekter ved tidlegare søknadar treng du ikkje gjere det no med mindre de har revidert dei sidan sist.

Om de har problem med å sende søknaden (at det skjer ingenting når de trykker på «Send søknad»), kan det vere at vedlegga er for store. Vedlegga kan ikkje overstige 10 mb. totalt.

Forsøk å forminske bileta, eller send vedlegga på e-post til ida@ungdomslag.no. De får automatisk kopi av søknaden når den er sendt. Om de ikkje har fått kopi, kan de sjekke om den har havna i spammen. Ev. kan de ringe 93 25 15 85 om de er usikker. Har de spørsmål, er det berre å ta kontakt!

Lukke til!

Budsjett

Det er mogleg å søke om inntil 50 % av den totale kostnaden på tiltaket.

Vedlegg

Legg ved to bilete som syner hus og tiltak

Meld frå om aktivitetar i laget ditt

Ungdomslag?