Årsmøte i Sogn og Fjordane Ungdomslag

Søndag 10. mars kl. 13.15 vert det årsmøte i Sogn og Fjordane Ungdomslag.

I år er Balestrand Ungdomslag vertskap. Dei fekk aktivitetsprisen i fjor og vi gler oss til å høyre meir om laget og kva aktivitetar dei har!

Årsmøtepapir m.m. vert lagt ut på www.soful.no i veke 7. De finn dokumenta under https://www.soful.no/soful/soful-i-media/

Har nokon innspel eller vil ha opp saker på årsmøtet, kan de sende dei eller ta kontakt med Christoffer Knagenhjelm på (mob.) 48 00 48 17 eller christoffer@ungdomslag.no

Vi minner òg om at frist for å sende inn årsmelding til aktivitetsprisen er fredag 1. mars.

Vi håper å sjå dykk i Balestrand!

Med beste helsing
Christoffer Knagenhjelm
Rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag i Sogn og Fjordane

– På vegne av styret i Sogn og Fjordane Ungdomslag

Meld frå om aktivitetar i laget ditt

Ungdomslag?