Ida Søderstrøm er tilsett i 50% prosjektstilling i Sogn og Fjordane Ungdomslag

Ida Søderstrøm frå i Dale i Sunnfjord, er tilsett i ei 50 prosent prosjektstilling i Sogn og Fjordane Ungdomslag.

I stillinga skal ho ha ansvaret for prosjektet Huset i Bygda i Vestland, og vere kontaktperson for lokallaga i Sogn og Fjordane Ungdomslag. Ho skal òg vere sekretær for styret i Sogn og Fjordane ungdomslag.

Ida fortel at ho fekk veldig lyst på jobben da ho såg stillingsutlysinga.

– Eg syntest den såg veldig interessant ut, og verka kjempespennande. Det ligg mykje læring i den stillinga, seier Ida.

– Eg er veldig glad for at eg fekk sjansen.

Frå Holsnøy 

Ida er 37 år, og frå ei øy som heiter Holsnøy nord for Bergen. No bur ho i Dale saman med sambuaren og tre gutar. Dei bur på eit småbruk med geiter, nokre høns og eit par kattar.

I tillegg til den nye prosjektstillinga i NU, jobbar ho òg halv stilling som soneterapeut. Praksisen oppretta ho i 2021, etter å ha jobba i mange år som blomsterdekoratør.

I Noregs Ungdomslag vart ho medlem allereie som barn, fordi foreldra var aktive i ungdomslaget på heimplassen. Som ungdom var ho sjølv aktiv i ungdomslaget. Så kom ei tid der ho var travel student og flytta litt rundt. Men etter at ho slo seg ned i Dale, tok nokon i bygda kontakt for å høyre om ho ville vere med i styret i lokallaget der.

Mykje moro i Dale UL

– Her har eg vore med nokre år, og det blir kjekkare og kjekkare. Eg synest lagsarbeidet er veldig gøy. Vi er samansveisa gjeng, som har det veldig sosialt og kjekt. 

I styret i Dale er dei åtte personar inkludert vara. Dei driv både med husarbeid og aktivitetar for bygda. Dei har mykje utleige av huset, nokre driv kino kvar veke, og så har laget barne- og ungdomsteater kvar veke, fram mot framsyning i mars. Dei jobbar òg med få starta opp barnedans igjen etter pandemien.

– Det skal vere swingkurs no i januar og februar, og vi håper òg å få til grunnkurs i gammaldans, fortel ho. 

Ungdomslaget arrangerer òg førjulskveld, der dei brukar ein del frifondsmidlar. Denne jula hadde dei både stand med spikking for ungane, òg hesteriding og måleverkstad. 

Og i staden for nissen, kjem Sancta Lucia på besøk på førjulskvelden. Her har dei altså sin eigen liten vri. Ein tradisjon som starta med at dei det eine året arrangerte førjulskveld på sjølve Lucia-dagen.

Ser fram til å bli kjend med lokallaga

– Er det noko du ser ekstra fram til i jobben?

– Eg synest det er ekstra kjekt no i oppstarten å bli kjent med dei ulike lokallaga. Det er veldig artig å høyre korleis dei får det til. Og om dei har nokon utfordringar, finn eg det òg interessant. Vi er jo her for å hjelpe når det trengst, seier Ida.

Meld frå om aktivitetar i laget ditt

Ungdomslag?