Sogn og Fjordane Ungdomslag er del av Ungdomslagsrørsla som vart stifta i 1896. Som del av ein leiande kulturorganisasjon i Noreg har vi ansvar for å ta vare på og fornye den tradisjonelle folkekulturen. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) vart skipa i 1991 etter at Sogn Ungdomslag, Firda Ungdomslag og Sunnfjord Ungdomslag slo seg saman til eit fylkeslag. I fylket har vi i dag 38 lokallag. SOFUL er bindeledd mellom Noregs Ungdomslag (NU) og desse lokallaga i Sogn og Fjordane. SOFUL har positiv vekst i medlemstalet.

Vi dekker friviljug kulturarbeid og vi bidreg med kursverksemd innan folkedans, folkemusikk revy, teater, idrett og andre typiske klubbaktivitetar for folk i alle aldrar. Einskilde lag i fylket har òg ansvar for kinodrift.

SOFUL er òg viktig for ivaretaking av nynorsk gjennom publiserings- og mediearbeid og anna kulturelt arbeid for ta vare på nynorsk som skriftspråk.

HOVUDSATSINGSOMRÅDE 2018
SOFUL sitt årlege arbeidsprogrammet omfattar friviljug kulturarbeid innan folkemusikk, folkedans, scenekunst og ulike vaksenopplæringstiltak.

Med unntak av ei stillinga knytt til Huset i Bygda (HiB), vert det meste av arbeidet til SOFUL utført på dugnad. Økonomiske tilskot, som kulturmidlar, går eine og åleine til drift av prosjekt og satsingsområda til SOFUL.

– Saman med lokale ungdomslag arrangerer SOFUL bornestemne for dei unge, frå 7 til 14 år, frå heile fylket. Bornestemnet er viktig for utøving og spreiing av folkedans i fylket.

– Jol i Sogn er eit tradisjonsrikt blad som står sterkt i Sogn. Bladet er viktig som kjelde til m. a. lokalkunnskap og dokumentasjon av munnlege historier frå bygdesamfunna, som elles har eller står i fare for å gå tapt. Med unntak av krigsåra har bladet vore utgitt kvart år sidan 1931. Bladet er sterkt forankra i Sogn, med eigen redaksjon.

– I 2018 tek vi sikte på å utgje julesonghefte med utvalde tekstar på nynorsk. Heftet vil bli retta mot private, så vel som skuleverk og andre offentlege institusjonar og private verksemder.

– Auka satsing på scenekunst. Ved å gje ungdom fridom til å våge å uttrykke seg på sine eigne premissar i eit lokalt kulturbygg og å prøve nye uttrykksformer, vil ein vere med på å auke mangfaldet og bulyst i bygdene. Satsing på scenekunst er her viktig ved at ein stimulerer og setter fokus på å verdsette at kultur- og kulturarbeid har eigenvekt. Mange lokale kulturbygg har sterke tradisjonar for ulike former for teater og scenearbeid, og vi registrerer etterspurnad etter kursing og kompetansehevande tiltak til m. a. teater og revyar.
SOFUL har innleia samarbeid med Frilynt/teateralliansen om å halde improteaterkurs for born og ungdom mellom 13-18 år i fylket. Vi er òg i dialog med NU om å starte teaterinstruktørkurs.

– Frå 2010 har eit viktig satsingsområde til SOFUL vore Huset i Bygda (HiB). Det lokale huset i bygda har ein sterk posisjon som samlingspunkt og som identitetsmarkør i mange bygder. Dei lokale kulturbygga er grunnsteinen i mykje av utøvinga av den lokale kvardagskulturen. Men vi må òg innsjå at folk stiller andre krav til fasilitetar, innhald og aktivitetar i forsamlingshusa våre i dag enn kva ein gjorde tidlegare. Formålet med HiB er å hjelpe, støtte og inspirere alle formar for organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. Slik voner SOFUL og HIB å medverke til å skape meir synlege, sterkare og relevante kulturbygg med allsidig og inkluderande aktivitetar og tilstellingar.

– HiB og SOFUL har i fleire år arrangert kulturhuskonferanse kor vi samlar huseigarar og drivarar av lokale organisasjonseigde kulturbygg. Konferansen er ei viktig møtestad for lokale kulturhus i fylket. Årets tema er brannsikring. Dette er eit viktig tema som vi veit engasjerer svært mange som driv eller er involvert i drift av lokale kulturbygg.

– SOFUL vil i 2018 gjennomføre spørjeundersøking og rundreise blant lokallag for å få tilbakemelding om kva aktivitetar og behov laga har framover.