Saman står vi sterkare!

Noregs Ungdomslag er ein leiande kulturorganisasjon i Noreg, og ungdomslaget i Sogn og Fjordane er del av denn rørsla. Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Som medlem av ungdomslagsrørsla blir du ikke berre del av eit fellskap, men laget ditt bidreg òg til å synleggjere, styrke og aktualisere den tradisjonelle folkekulturen.

Lokale ungdomslag og grendalag kan søkje om medlemsskap i Noregs Ungdomslag, og nyte godt av ein
del fordelar.

Det er to ulike inngangar for å bli medlemslag i Noregs Ungdomslag:
1. Lag med minst 5 medlemmer over 14 år kan bli godkjent som lokallag i Noregs Ungdomslag.
2. Grendehus og forsamlingshus utan medlemsaktivitet kan bli godkjent som beinveges innmeldt
lag i Noregs Ungdomslag, med status som huslag.

Lokallaget melder seg inn gjennom eit fylkeslag. Styret i Noregs Ungdomslag
kan ta opp lag direkte der det ikkje er fylkeslag. Huslag kan takast opp som
beinveges (direkte) innmeldt lag i NU. Laget må ha eigne lover, som må
vere i samsvar med lova til Noregs Ungdomslag.

Medlemsfordelar
1. Laget har møterett på landsmøtet til Noregs Ungdomslag, og får vere med på å påverke
utviklinga og tilboda frå organisasjonen.

2. Laga får tilgang til Hypersys, som er eit nettbasert administrasjonsprogram for medlemmene.
Her får ein oversyn over alle medlemmer, og programmet kan m.a. nyttast til å sende ut e-post
til alle medlemmene.

3. Laga kan søkje om tilskot til opplæring gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon . T.d. kan
store delar av ein rehabiliteringsprosess for ungdomshuset/grendehuset organiserast som
opplæringsaktivitet. Sjå www.kulturogtradisjon.no. Løpande søknadsfrist.

4. Laga kan søkje om momskompensasjon på forenkla modell frå Lotteri- og stiftelsestilsynet
gjennom Noregs Ungdomslag. Sjå www.lottstift.no. Søknadsfrist 15. august.

5. Lag med medlemsaktivitet (dvs. personlege medlemsskap i laget) kan og søkje om
Frifondmidlar, for å skape kulturaktivitetar for medlemmene under 26 år. Sjå
www.ungdomslag.no/frifond Søknadsfrist 1. september.

6. Laga kan få gunstige forsikringsordningar gjennom KNIF (Kristen-Norges
innkjøpsfellesskap.) Mange lag har spart mykje pengar på å flytte husforsikringa si til
KNIF. Føresetnaden er at laget eig minst 50% av huset. Sjå www.knif.no.

7. Laget får tilgang på gunstige innkjøpsordningar gjennom KNIF. Mellom anna til rekvisita og
forbruksmateriell og artiklar til storhushaldning.

Andre Medlemsfordelar
Ved å framvvise medlemskortet ditt i Noregs Ungdomslag, kan du få følgjande fordelar
• 20 % rabatt på Comfort Hotel Saga, Tromsø.
• 10% rabatt på BAR-prisar (beste tilgjengeleg pris) på Hotel Bondeheimen i Oslo.
• 20 % rabatt på Det Norske Teatret i Oslo.
• Rabatt på eit utval Kaffistover.
• NU har avtale med Nordic Choice-kjeden. For å få rabatt, må du då gå direkte på
www.nordicchoicehotels.no/ og skriv inn i feltet kampanjekode: 66457 det vil då kome opp
prisar merka idrett. (20%) rabatt.

I tillegg får medlemene medlemsprisar på kurs, seminar og festivalar som NU skipar.

Medlemskontingent 2017
a) Kontingent for huslag utan medlemsaktivitet: 3500
b) Kontingent for lag med medlemsaktivitet: 1200. I tillegg kjem kontingent for medlemmene,
med kr 95 pr medlem under 26 og kr 190 pr medlem over 26 år.