Personvern (GDPR)

GDPR (General Data Protection Regulation)

Christoffer Knagenhjelm, tilsett som rådgjevar i Sogn og Fjordane Ungdomslag, er den som er ansvarleg for behandling av personopplysningar. Førespurnad om innsyn, retting eller sletting av personalopplysningar kan gjerast ved å ta kontakt med på tlf. 48 0048 17 eller christoffer@ungdomslag.no

Påmelding på kurs og arrangement

SOFUL og Huset i Bygda arrangerer kvart år møter og husssamlingar. Knytt til dette samlar vi informasjon som namn og kontaktopplysningar (e-post og telefon/mobilnr.). Desse opplysningane blir ikkje brukt til andre formål enn å administrere arrangementa, utsending av informasjon relevant for husdrift og utarbeiding av statistikk.

Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Huset i Bygda utleverer ikkje personopplysningar til andre, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt til offentlege myndigheiter.

E-post

Alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør difor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Døme på sensitivt innhald er personnummer. Om vi tek imot ein slik e-post, handsamar vi e-posten i samsvar med innhald og sletter han med ein gong.

Bruk av informasjonskapslar (cookies)

Heimesida til Huset i Bygda, www.husetibygda.no, brukar informasjonskapslar for å samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane inneheld ikkje personopplysningar. Dei seier noko om talet på besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker. Du kan sjølv forhindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina di ved å endre innstillinga i nettlesaren.

Meld frå om aktivitetar i laget ditt

Ungdomslag?