Bli medlem!

Ungdomslag er ein leiande kulturorganisasjon i Noreg, og ungdomslaget i Sogn og Fjordane er del av den rørsla. Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Som medlem av ungdomslagsrørsla blir du ikke berre del av eit fellskap, men laget ditt bidreg òg til å synleggjere, styrke og aktualisere den tradisjonelle folkekulturen.

Lokale ungdomslag og grendalag kan søkje om medlemsskap i Noregs Ungdomslag, og nyte godt av fleire fordelar:

Sjå her for døme på tilskot for 2019.

Det er to ulike inngangar for å bli medlemslag i Noregs Ungdomslag:
1. Lag med minst 5 medlemmer over 14 år kan bli godkjent som lokallag i Noregs Ungdomslag.
2. Grendehus og forsamlingshus utan medlemsaktivitet kan bli godkjent som beinveges innmeldt lag i Noregs Ungdomslag, med status som huslag.

Lokallaget melder seg inn gjennom eit fylkeslag. Styret i Noregs Ungdomslag kan ta opp lag direkte der det ikkje er fylkeslag. Huslag kan takast opp som beinveges (direkte) innmeldt lag i NU. Laget må ha eigne lover, som må vere i samsvar med lova til Noregs Ungdomslag.

Medlemsfordelar
1. Laget har møterett på landsmøtet til Noregs Ungdomslag, og får vere med på å påverke utviklinga og tilboda frå organisasjonen.

2. Laga får tilgang til Hypersys, som er eit nettbasert administrasjonsprogram for medlemmene. Her får ein oversyn over alle medlemmer, og programmet kan m.a. nyttast til å sende ut e-post
til alle medlemmene.

3. Laga kan søkje om tilskot til opplæring gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon . T.d. kan store delar av ein rehabiliteringsprosess for ungdomshuset/grendehuset organiserast som opplæringsaktivitet. Sjå www.kulturogtradisjon.no. Løpande søknadsfrist.

4. Laga kan søkje om momskompensasjon på forenkla modell frå Lotteri- og stiftelsestilsynet gjennom Noregs Ungdomslag. Søknadsfrist 15. august.

5. Lag med medlemsaktivitet (dvs. personlege medlemsskap i laget) kan og søkje om Frifondmidlar, for å skape kulturaktivitetar for medlemmene under 26 år. Sjå www.ungdomslag.no/frifond. Søknadsfrist 1. september.

6. Laga kan få gunstige forsikringsordningar gjennom KNIF (Kristen-Norges innkjøpsfellesskap.) Mange lag har spart mykje pengar på å flytte husforsikringa si til KNIF. Føresetnaden er at laget eig minst 50% av huset. Sjå www.knif.no.

7. Laget får tilgang på gunstige innkjøpsordningar gjennom KNIF. Mellom anna til rekvisita og forbruksmateriell og artiklar til storhushaldning.

Andre Medlemsfordelar
• 20 % rabatt på billettar på Det Norske Teatret i Oslo
• 20 % rabatt på Comfort, Quality og Clarion-hotell i Noreg. Bruk rabattkode 66457 ved reservasjon på www.nordicchoicehotels.no
• 15 % rabatt på hotellkjeden De Bergenske i Bergen. Bruk rabattkode NORUNG456 ved reservasjon på https://www.debergenske.no
• 15% på rekneskapsprogrammet Fiken.
• 10 % rabatt på Heimen Husfliden, Hotell Bondeheimen og Kaffistova i Oslo
• I tillegg får medlemmane medlemsprisar på kurs, seminar og festivalar som NU skipar. Alle medlemmar over 14 år får medlemsbladet Ungdom i posten fire gonger i året, medan medlemmar under 14 år får Norsk Barneblad tilsendt fire gonger i året med eigne medlemssider.
I tillegg får medlemene medlemsprisar på kurs, seminar og festivalar som NU skipar.

Medlemskontingent 2019
• Kontingent for huslag utan medlemsaktivitet: 3500
• Kontingent for lag med medlemsaktivitet: 1200.
I tillegg kjem kontingent for medlemmene:
• Kontigent for medlemmer under 26 år som er meldt inn direkte i NU: 150
• Kontigent for medlemmer over 26 år som er meldt inn direkte i NU: 300

Kommende arrangementer

Det er ingen kommende events på dette tidspunktet.

Meld frå om aktivitetar i laget ditt