Barnestemne i Fjærland 14-16. juni

Fjærland Ungdomslag inviterer saman med Hordaland Ungdomslag og Sogn og Fjordane Ungdomslag til felles fylkesstemne for born helga 14.-16. juni 2019.

Vi vil med dette invitera alle lag i begge fylka til ei kjekk og opplevingsrik helg i Fjærland.

Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument eller held på med anna aktivitet i fylkeslaga. På stemnet vert det ulike aktivitetar, stemnetog, dans, disko, uteaktivitetar, kiosk, underhaldning, overnatting på camping/klasserom, leik og moro. Håpar du og ditt lag vil koma til oss denne helga

Er du nyskjerrig på kva aktivitetar Fjærland Ungdomslag har, så kan du vitje Facebooksida deira!

Både Hordaland Ungdomslag og Sogn og Fjordane Ungdomslag er på Facebook.

Informasjon
Innbyding til Fylkesstemna for born juni 2019
Program for Fylkesstemnet 2019
Aktivitetar på fylkesstemnet i Fjærland 2019

Påmeldingsskjema:
Påmeldingskjema til stemna juni 2019
Påmeldingsskjema samla born juni 2019
Påmeldingsskjema samla leiarar og føresette juni 2019