Christoffer Knagenhjelm er tilsett som rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag i Sogn og Fjordane

Christoffer Knagenhjelm er 40 år gamal og busett i Kaupanger, gift og har to barn. Han er utdanna arkeolog med hovudfag frå Universitet i Bergen. Dei siste 12 åra har han arbeidd innan kulturminneforvaltning og privat konsulentverksemd. Samstundes har han etablert og utvikla eiga verksemd tufta på landbruk, kulturvern og historieformidling. Han har arbeidd mykje med aktiv formidling og korleis skape engasjement for bygnings- og kulturarv, i tillegg til å vere prosjektleiar for fleire store restaureringsprosjekt.

Opptatt av bygdeutvikling og lokalidentitet
Folk i Kaupanger er stolte av bygda og har alltid vore det. Dette er eg oppvaksen med,med både besteforeldre og foreldre som har vore opptekne av lokalsamfunnet. For meg handlar dette med lokal identitet mykje om den historia vi kan spore i våre lokalsamfunn. Eg har difor valt å både forske på og formidle den heilt lokale historia til heimplassen, og meiner at dette er ei viktig kjelde å nytte i bygdeutvikling. Samstundes har eg vore opptatt av å bidra i det frivillige organisasjonslivet, som leiar av det lokale grendalaget, nestleiar i soknerådet, og leiar av regionlaget til Oikos. Dette er givande og interessant arbeid, kor ein mellom anna får høve til å bidra til lokalsamfunnsutvikling og skape og ta vare på møteplassar, og styrke føresetnadane for natur- og miljømangfald.

Han vil ha ansvar for Huset i bygda, samstundes som han vil vere organisasjonssekretær for ungdomslaget i fylket. 40 % av stillinga er knytt til Huset i bygda, mens 10 prosent skal nyttast til kontakt med lokale ungdomslag og administrative oppgåver for fylkeslaget.

Du kan nå ham på christoffer@ungdomslag.no, eller mob. 48004817.

193 kommentarer til «Christoffer Knagenhjelm er tilsett som rådgjevar for kulturbygg og ungdomslag i Sogn og Fjordane»

Det er stengt for kommentarer.